TUR 1:
Tafjord – kvile ved fjorden
Vi besøkjer den frodige fruktgarden Bakken på
Linge og saft- og syltetøyfabrikken Valldal safteri i
Syltegata. Deretter går turen til Ull-låven på Hauge,
som ligg høgt over fjorden i bygda Fjørå. Vi avsluttar
turen med ei smaksrik kvilestund i Olagarden
i Tafjord, heilt inst i fjorden. Der møtest vi rundt
matbordet til eit godt måltid heimelaga mat.
TUR 2:
Valldal – ei vandring i jordbærland
Vi tek deg med til den frodige fruktgarden Bakken
på Linge, og til saft- og syltetøyfabrikken Valldal
safteri i Syltegata. Deretter besøkjer vi jordbærgarden
Storstova på Valldalen, og vandrar derifrå
eit lite stykke til Jordbærstova på garden Solheim.
Her avsluttar vi turen med eit velsmakande heimelaga
måltid i tradisjonsrike omgivnader.
Du kan sjå vårt fullstendige program på Norsk her eller på Engelsk her
Pris fra Kr. 990,-